![]() |
|
|
Velkomen Sida er oppdatert Obligatoriske bøker! ![]() ![]() |
Matskikkar på Vatne - SjølvbergingNo når det vert nedlagde så mange gardsbruk her i landet fordi den innførde maten er så mykje billegare, må eg tenkje på korleis det var i mi barne- og ungdomstid. tida frå 1925 og utover i 1930 åra var vanskeleg på mange måtar. Her på Vatne som eg vaks opp, var det 10 gardsbruk. Det var for det meste små bruk, med lite dyrka mark, men mykje utmark, etter måten, og mykje fure- og bjørkeskog. For å skaffe seg litt inntekt, selde dei ein del fure, men mest bjørkeved. Dette skal eg kome attende til, men det var maten eg ville skrive om no.
På kvar gard hadde dei ein potetåker og litt grønsaker, og så hadde dei kornåker med havre og bygg. Eg kan ikkje minnast at dei selde noko av dette. Det vart brukt til mat til folket på garden, og vart det noko til overs, fôra dei opp ein gris med det. Det var såleis ein god del korn som skulle malast, og det gjorde dei sjølve. I Vatne-elva (store-elva) var det den gongen fem kvernhus. No er det eitt igjen. Det var svært interessant for oss smågutane å vere med på kverna, og smake på mjølet. Eg meiner å hugse at dei mol minst to gonger i året på grunn av at mjølet ikkje skulle bli harsktNår dei hadde havre- og byggmjøl og poteter, var mykje av maten berga. Av havremjølet koka dei graut og baka flatbrød , mange botnar (stablar) både vår og haust. Det vart brukt flatbrød til mest all middagsmat, unnateke graut og ball. Byggmjølet vart brukt til potetball og graut. Det vart brukt mykje graut i dei dagar, minst eit måltid for dag, anten til middag eller til kvelds. Om vinteren var det alltid graut til kvelds, med surmjølk attåt, og litt sirup oppå. Om sommaren var det ofte graut til middag fordi det var snarare å koke enn vanleg middag når ein skulle varme opp vedakomfyren. Her på Vatne hadde me ikkje elektrisk straum før i 1932, og husmora måtte vere ute på arbeid på garden ilag med dei andre. Litt kveitemjøl kjøpte dei for å ha litt i brøddeigen, og til ymse finare mat , t.d. rjomegraut. Når dei åt "vassgraut" kvar vekedag heile året, så kokte dei rjomegraut når det skulle vere noko ekstra. Når det var bryllaup, var det rjomegraut til kvelds/nattmat. Rjomegraut vart òg brukt til "sengjamat". Når eit barn vart født skulle mora dei næraste dagane etter ha god og styrkjande mat. Grannekonene kom då med ymse slag godbitar og ofte var det rjomegraut. Så var det slåttegraut, "skurdagraut" og jonsokgraut, og sjølvsagt var det rjomegraut på grautatysdag (feitetysdag). Og så var det "tekkjargraut" På Vatne var det den tida torvtak på nesten alle hus. Av og til måtte desse taka skiftast, og stundom reiv stormen av eit tak. Då vart det gjort dugnad. Grannane samla seg og hjelpte til med å legge nytt tak, og når dei var ferdige serverte kona på garden rjomegraut. Men rjomegrauten den gongen var ikkje slik den er i dag. Då var det "ondegraut" og "yvegraut", dvs det var ein litt grov graut av havre, bygg og kveitemjøl, mjølk og vatn. Men først hadde dei kokt feittet ut or den sure rjomen og blanda den med litt mjølk og kveitemjøl. Dette vart ein gul, fin graut med sterk smak som dei smurde utover den grove grauten. Med eit "feittauge" i midten og sukker og kanel så var dette verkeleg godt. Det gjekk lenge før dei gamle konene som kunne dette godtok den nymotens fine grauten der alt er ihoprørt. Men det var endå ein graut før, nemleg "saupgraut".
Dei fleste gardbrukarane på Vatne hadde 6-7 kyr (gråkoller), ein hest, nokre sauer og høner, og ein gris eller to for året. Då hadde dei både mjølk, kjøt, flesk og egg til eige bruk. Men dei trong ikkje all mjølka, så den leverte dei til meieriet, som den gongen var i Vassenden på Brautaset. Der vart mjølk separert, fløyten tok meierska seg av, men skummamjølka fekk dei heimatt, og brukte den til matlaging, syrna den til surmjølk (skjør) mellom anna. Men helgamjølka leverte dei ikkje. Den vart vel for gamal. Av den samla dei fløyten og syrna den, og så kinna dei smør av og til. Då fekk dei også saup, og det var godt å drikke, men dei kokte òg graut av det. Havreflatbrød, nykinna smør, og "saupgraut" smurd utover, det var gode betar det! Ja, dette vart mykje grautprat, men eg må nemne "hitagrauten" òg. Dersom det vart kokt for mykje graut ein kveld, kunne den varmast oppatt neste dag. Det var oftast på denne måten: Dei laga dravle (oppkokt mjølk, sprengd med surmjølk), og så la dei den kalde grauten oppi med skei. Dette var ei god avveksling frå den vanlege kveldsgrauten. Men me åt ikkje berre graut. Det vart slakta dyr heime på gardane, både til eige bruk, og litt til sal, og alt på dyret vart nytta. Av innmaten laga dei mòr. Den vart lagd i lake, eller opphengd til tørk. Kjøt og flesk vart salta, og bevart på den måten, eller det vart turka til spekemat. I Vatne-vatnet fiska dei røyr, særleg om hausten, for då var fisken best. Av og til fekk ein tak i fersk sjøfisk. Salta fisk og sild, og turrsild, hadde ein som regel på alle gardar. Ferskt kjøt var det berre i slaktetida. Det fanst ikkje frysarar då. Som før nemnt så var der ein god del skog på Vatne, furu og bjørk. Det var mest bjørk. Dei hadde rikeleg til eig bruk, så det vart òg selt ein del, særleg bjørkaved. Dei måtte ha litt inntekt sjølv om dei avla det meste av maten på garden. Det var for det meste om vinteren dei "skoga", men òg på forsommaren. På grunn av at det var torvtak på husa, måtte dei alltid ha eit lager av never, og den måtte takast om våren og forsommaren, når det var sevje i bjørka. Då saga dei ned bjørker, flekte av never i høvelege stykker oppover heile stomnen, så langt det var råd. Nevra vart lagd i eit fint lad, så ho ikkje skulle krulle seg. Sameleis måtte den ligge flatt, i lad, når den kom heim i løa. Borken vart òg teken av treet, køyrd heim i løa, og turka. Når den var turr la dei den i ein haug på låven, og knuste den med ein reiskap dei kalla "tusta". Så vart den samla i sekker , og seld til folk ute på øyane. Dei barka (farga)garna og nøtene sine med den, og kanskje kunne ein få fisk i byte for borken. Men det var nytt friskt lauv på bjørka som vart nedsaga, og det måtte òg nyttast. Det vart laga lauvkjerv, som vart turka og brukt til sauemat. Det var helst kvinnene som tok seg av det arbeidet. Bjørkegreinene vart kutta med sigd, til små kvister som vart bundne saman i buntar, så alt vart nytt. Det var store familiar den gongen , 6-7 born var heilt vanleg, og stundom fleire. Når dei vart vakne måtte dei ut å få seg arbeid. Gutane reiste då gjerne på fiske etter sild eller torsk. Nokre fekk arbeid på land, med sildelossing eller tilverking av fisk, særleg i Nord-Noreg. Mange herifrå reiste dit. Jentene måtte "ta seg teneste", dvs vere hushjelp hjå folk. Når eg no ser attende, er det ikkje mykje att av det som var i min barndom eller ungdom. Det er så mykje anna som ser ut til å vere viktigare enn maten. Gardsbruka vert lagde ned. Maten som vert dyrka her heim, vert for dyr. Alt skal førast inn. Eg har opplevd at me ikkje fekk føre mat inn i landet. Kva då om det skjer igjen? Nei legg ikkje ned gardsbruka. Slutt heller å kjøpe kraftfôr og kunstgjødsel. Då vil overproduksjonen gå ned, og me har mat til eige bruk. Så får styresmaktene føre inn mat utanfrå så lenge det går. Peder P.I. Vatne, januar 2000 Eit juleminne frå jula 1961Vinteren 1961-62 var truleg første året det var snøbrøyting gjennom Vatnedalen, frå Vatne til Hunnes i Volda. Før den tid var der ikkje open veg om vinteren. Det var berre "vega" med hest, så ein kunne hente ved, og det var berre inn til Vatnesvingane. Der er det eit stort gjel som vert kalla bakkefonna, og der kan det gå ras både vinter og sommar (steinras), heilt ned på vegen ved Vatnesvingane. Det var ein god del forbindelse mellom Vatne og Austefjorden i gamal tid. Mellom anna vart tre Vatnejenter gifte inni Austefjorden, og ein gut kom derifrå og gifte og busette seg på Vatne. Men om vinteren, når det var snø, var vegen stengd. Når våren kom, og det vart farande gjennom Vatnedalen, kom Selvik-Hans køyrande med hest og kjerre, og selde fisk til Vatnefolket. Litt seinare kom ljåsmedane heilt frå Hornindal for å selje ljå. Dei gjekk over Kviven til Kalvatn med ljåbøra si, og vidare heilt til Vatne og Åmdalen. Men det var snøbrøytinga eg skulle fortelje om. Eg har ikkje notert noko om dette, men eg trur det var før jul i 1961 vi tok til. Då var det ikkje så mykje snø, og vi var nokre turar til Hunnes, og det gjekk fint. Men ved juletider tok det til å snø mykje. Vi var tre mann som tok ut tidleg ein morgon - eg trur det var mellom jul og nyttår. Det var Dagfinn Hovdenakk, Sigurd Bjørdal og Peder P. I. Vatne. Vegvesenet hadde nyst fått ein ny traktor som Sigurd Bjørdal køyrde. Den hadde både plog, lesseapparat og gravemaskin, så etter den tid var det ein bra reiskap. Vi kom oss opp svingane med mykje strev, med merking og pløying om einannan. Då vi var komne forbi siste svingen, og mest opp på høgda, er der ein fjellknaus, omlag 50 meter lang og 10 meter høg. Der er vegen skoten inn i fjellet, så den ligg som på ei hylle, og der er ganske smalt. Dagfinn og eg gjekk då fram med fjellet og moka i frå, så plogen ikkje skulle verte pressa utfor vegen. Sigurd arbeidde med å utvide ei avkøyrsle lenger nede. Der var det ope terreng opp mot Snøhornet. Då han vart ferdig med det, kom han fram til oss ved denne fjellveggen. Med det same høyrde vi eit veldig brak over oss, og det vart mørkt som svarte natta. Til vår store undring skjøna vi at ei stor snøfonn hadde gått rett over oss, utan å skade oss. Då snøføyka hadde lagt seg, såg vi at fonna hadde losna langt oppi Snøhornet, ned over der vi var, og heilt ned i dalen. Store snømengder låg over alle vegane mellom svingane. Det var ei slik masse, at det var uråd å kome seg heimatt den vegen. Vi bestemte oss då for å brøyte oss vidare inn til Hunnes. Derifrå kunne vi kanskje kome oss ut til Volda, og så heimatt den vegen. Snøa gjorde det framleis, men vi tok i veg og brøytte oss gjennom to-tre "fonnspirar" i Aldalen. Vi kom oss til Hunnes, og var på veg mot Volda, men ved Hjorthaug var vegen stengd av ei stor fonn, så då vart det å snu. Komne inn att til Hunnes kom vi i kontakt med brøytemannskap frå Volda. Dei kunne heller ikkje kome seg heimatt til Volda, når vegen var sperra. Ein av dei var Peder Klepp - han køyrde ein traktor med plog. Det var no seine kvelden, og vi var både trøytte og svoltne. Men desse karane frå Volda var kjende med folka på Hunnes, så det gjekk inn i huset der og fekk tak i mat til oss, mellom anna julekaker. Etter ei rådslåing, kom vi til at vi skulle køyre med begge traktorane ut att på Vatnebakken, og så prøve å moke opp fonna. Men då vi kom til Aldalen møtte vi nye små fonner, som hadde gått over vegen sida vi fór der innover. Volda-mannskapet snudde då tilbake til Hunnes - der overnatta dei, og fekk båtskyss heimatt neste dag. Vi tre kom oss ut at der fonna gjekk over oss, og vi prøvde å moke den opp, men det nytta ikkje. Det lei alt langt på natt, og vi måtte berre prøve å vade oss heimatt.
Vi kom oss endeleg ned på vegen i Vatnedalen. Sjølv om vi hadde brøyta der om morgonen, var det kome så mykje snø sidan, at den nådde oss nest til kneet. Vi gjekk då i rad og byttast om å gå fremst. Langt om lenge kom vi til Vatne, heilt utslitne. Det var eit Guds under at det gjekk vel. Peder P. I. Vatne, jula 1999
|
|
||||||||||||||||
|
|