![]() |
|
|
Velkomen Sida er oppdatert Obligatoriske bøker! ![]() ![]() |
Bileta er henta frå webkamera levert av
Tussa,
Ørsta skisenter,
Bil- og gummiservice og
Elektroservice. Klikk på bileta for oppdatert versjon.
Verdata frå Ørsta kommune.
Vermelding for Ørsta frå Meterologisk institutt,
Storm Weather Center
eller frå
Weather Underground.
Sjå også Ørsta reiselivslag sine websider for meir oppdatert informasjon om Ørsta.
Saudehornet rett opp den 5. august (17.07.2006)
Den 5. august er det klart for det fjerde Saudehornet rett opp, og i år er dette løpet også NM i motbakkeløp (for medlemmar i eit idrettslag tilknytta Norges friidrettsforbund), så her er det berre å melde seg på! Litt over 100 påmelde til no, og framleis god plass i løypa. Gå til påmeldingssida og meld deg på du også! Frist for påmelding er 23. juli, med eit lite tilleggsgebyr for påmelding etter fristen heilt fram til løpet. Regn, nysnø, sol og Skårasalen (05.06.2006) Etter ei våt og kald pinsehelg, med nysnø ned til ca 800 moh., kom omsider godveret på mandag, og det vart skitur til Skårasalen i strålande tilhøve. Fint skiføre frå ca 800 meter. Rikeleg med snø, og 5 cm nysnø på toppen. Noke regntung snø lenger nede - av naturlege årsaker, etter 48 timar konstant regn. X2 og tidleg sommar i Ørsta (09.05.2006) På laurdag vart X2 arrangert i Ørsta for første gong i strålande sol og 20+ grader. Det var rundt 40-50 som starta, og vinnar vart "overmennesket" Ola Hovdenak på tida 01:25:22(!) opp og ned Saudehornet og opp og ned Nivane - 20 minutt før nestemann. Ola Hovdenak har forresten også løyperekorden på Saudehornet rett opp med 52:52. Alle resultata frå X2 er tilgjengeleg på websida, og eg er sjølv stolt av min 13. plass* :) Kjempeflott arrangement utan uhell eller skader (med unntak av ei knekt ski), og vi gler oss allereie til X2 2007! Nokre bilete i galleriet frå X2 på laurdag og tur til Kolåstinden på søndag.i Oppdatert (22.05) Resultatlista* er revidert, og Fri Flyt har lagt ut nokre flotte bilete frå X2 tatt frå helikopteret som tok bilete og film. Det er også t-skjorter til sals for deltakarane, og vi ventar spent på DVD-en! X2 utsett til laurdag 6. mai (02.05.2006) Gammalt nytt, men skikonkurransa X2 - to fjell vart altså utsett til 6. mai pga rasfare og mykje nysnø i fjella like før den opprinnelege datoen (22. april). Men denne helga er det klart, får berre håpe det er nok snøv etter alt mildveret - så kan dette bli gøy. Meld deg på her! Grøtdalstindane i "snøstorm" (14.04.2006) Skiftande ver med nordvest, og sidan det var såpass mange som trass veret skulle opp på Grøtdalstindane, vart dette turmålet i dag. Periodevis fint ver med sol og fin temperatur i starten, skifta til snøstorm på toppen. Regn og mildver (12.04.2006) Forsøk på tur på Saudehornet, mildt og skiftande ver, utrygt for regn. Og regn var det, første halvtimen striregna det. Deretter roa det seg litt, men oppå ryggen i ca 900 moh. var det berre å vente på at skodda skulle lette - noko den ikkje gjorde, så det vart bort på Vallahornet og forte seg nedatt før hagl- og snøbygene tok oss. Nysnø! (10.04.2006) Tur på "heisa" i dag, dvs Ørsta skisenter der det hadde kome rundt 20 cm nysnø! Fine forhold, men det vart raskt meir aktuelt med eit par korte fjellturar til Blåtinden og Verhaldet der det var endå meir og turrare nysnø. Snøen låg fint på plass, berre nokre få overflateskred å sjå rundt omkring. Mykje folk på Grøtdalstindane og Saudehornet i dag også, ser lovande ut for relativt skredtrygge turar dei neste dagane. Fine forhold på Nivane (09.04.2006) Første tur i påska vart ein kort tur opp på Nivane, litt seint i gang, men fekk ein flott tur i sol og fin temperatur. Snøven var også heilt grei, litt dårleg gli, men hadde sige fint i hop og låg i ro. X2 - Saudehornet og Nivane, opp og ned, opp og ned (08.04.2006) Ei gruppe studentar frå Høgskulen i Volda arrangerer "ekstremskirennet X2" første helga etter påske - laurdag 22. april. Løypa går frå tredje vasshuset i Skåla, og målet er kome seg raskast opp på Saudehornet (1303 moh.) og renne nedatt til vasshuset, og deretter opp til Nivane (934 moh.) og nedatt. For ekstremklassen vil stil og løypeval nedover bli vurdert i tillegg til tida, men det vil også vere ei turklasse for mosjonistar og familiefolk. Det er ikkje så mykje informasjon å finne om arrangementet enno, anna enn ein artikkel i Sunnmørsposten fredag (på papir) og ein kort artikkel i Nærnett. Oppdatert (09.04): Traff ein kar oppå Nivane i dag som ga meg linken til X2 - nemleg www.x2-x2.com, meir informasjon og påmelding! Her er nokre bilete frå skitur på Saudehornet nyttår 2003 attmed ein av arrangørane. Etter at vi andre var nøgd med tur opp og ned frå Saudehornet, gjekk dei opp på Vallahornet frå Skåla ein tur også... :) Side Brok med ny plate (06.02.2006) Eksil-ørstingane i Side Brok er klar med ny plate - Kar me kjøme frå. Stor underhaldning, spesielt for oss ørstingar. Godt nyttår! (01.01.2006) Godt nyttår - og godt skiføre! Første nyttårsdag var kald med sol frå klar himmel, så etter altfor få timar sømn var det tur til Grøtdalstindane i dag. Snøen på Verhaldet nyttårsaftan var ikkje så fin etter litt nysnø og vind den 30., men i sida opp mot Grøtdalstindane i Bondalen var det kjempeflott snø og også 10-15 cm nysnø! God jul! (29.12.2005) Juleferie med mykje snø og fint, kaldt ver. Strålande pudder her og der, og snøen ser ut til å ligge fint. Folk på mange toppar, mellom anna på Grøtdalstindane som vel er litt uvanleg på denne tida. Tenkte å prøve denne turen i morgon 30.12, og såg ut som trygg snø der også. Elles har det vorte nokre turar, gjeld å kome seg tidleg av på korte dagar, men for treigingar som meg får ein desto finare solnedgang på veg ned :) Annonser (14.12.2005) Litt annonser frå Google til høgre, berre eit prøveprosjekt inntil vidare. Saudehornet rett opp vert NM-løp (14.10.2005) Til neste år vert Saudehornet rett opp NM i motbakkeløp, etter at Skåla rett opp var det første nokon gong. Les meir i Møre-Nytt. Bilete frå sommaren (03.10.2005) Då er litt bilete frå nokre dagar i Ørsta denne sommaren omsider på plass. Mellom anna nokre bilete frå Saudehornet over skodda og Saudehornet rett opp i skodda. I tillegg til dette vart det svært mykje fisking, kjem kanskje nokre bilete frå dette også etterkvart.
Sommarferie og Saudehornet rett opp (09.08.2005)Kort sommarferie med mykje fisking og nokre fjellturar, mellom anna Storhornet på Bjørke i sola og Saudehornet rett opp i skodda. Kjem vel nokre bilete etter kvart. Hjørundfjord kulturvernlag med nye websider (06.07.2005) Kulturvernlag med eigne websider på www.hjorundfjord.no/kulturvernlaget. Slike positive tiltak skulle det vore fleire av i kommunen. Pinse 2005 (19.05.2005) Snø og uver i pinsa og 17. mai i Ørsta, så vart ikkje så mykje på fjellet, men kom meg opp på Skårasalen ein tur iallefall. Svært mykje snø i fjella enno og nysnø på toppane. Påskeferie 2005 (12.05.2005) No er det jo ei stund sidan påske, men her er iallefall bilete frå påska 2005. Fin påske med mykje snø, og mellom anna to flotte turar til Grøtdalstindane og Randers topp. Sidan det er så mykje snø blir det ein liten pinsetur til helga også, med håp om ein topptur eller tre :) Snøhornet og ei renne (26.02.2005) Etter å ha sett eit inspirerande bilete frå ei spesiell nedkøyring i ei lang renne frå Snøhornet på websida til Iriss Forlag, enda eg opp same stad neste dag. Var ikkje like heldig som dei hine med snøen øvst i renna pga. litt solsmelt dagen før (dvs. skare), men det var ei fantastisk nedkøyring uansett - og mykje betre enn alternativet, den forblåste austsida og trasige tette skogen ned til Årset. Fekk tatt nokre bilete med kompaktkameraet eg har lånt i fråver av mitt eige denne veka. Vinterferie (25.02.2005) Det er uvanleg fine forhold i fjellet, og sola skin kvar dag - så vinterferieveka har vore heilt perfekt i år. Mykje og fin snøv, og den ligg fint og trygt for det meste. Nokre turar siste dagane, seinast Saudehornet før i dag (berre 3 på toppen ein slik fin dag?!) Sjå også fleire bilete frå dei andre dagane i vinterferien i biletgalleriet. Ørstaveiret (24.02.2005) Mange kjenner sikkert til Voldaveiret allereie, men no har vi fått ei liknande teneste for ørstingar - Ørsta kommune gjev deg vêrinformasjon. Ingen bilete som på Voldaveiret, men mykje og detaljert verinformasjon. Om du vil ha ordinær vermelding for Ørsta, kan du sjå på 5-dagars varsel frå Meteorologisk instituttt/Tussa, eller punktvarsel frå Storm/TV2. Ninth på Bylarm 2005 (09.02.2005) Ørstingane i Ninth er på Bylarm i Stavanger. Du kan sjå dei spele torsdag 10. februar (Checkpoint Charlie) og fredag 11. februar (Folken). Sommarferie (19.07.2004) Hadde meg ein tur til Ørsta og regnveret i slutten av juni/starten av juli, rakk nokre fjellturar dei få dagane det var over 10 grader og opplett. Bilete frå turar til Blæja frå Kvanndalen, Saudehornet, Jakta og Skårasalen (igjen...) finn du i biletgalleriet. Pinse (02.06.2004) I år vart det visst tur til Ørsta i pinsa, og det var strålande tilhøve for både skitur på Skårasalen søndag og fottur på Saksa mandag. Påskeferie 2004 ... Litt påskeferie og nokre fine fjellturar vart det i år også, Snøhornet på ski for første gong. Bilete frå påska 2004 Så var det jammen påske igjen... 31.03.2004 Snart påske igjen, får berre håpe det er igjen litt snø til helga og neste veke. Påskeferie (forts.) 23.04.2003 Så var påska over og tilbake i Oslo :( Men det var jo ei uvanleg fin påske, så fekk med meg nokre flotte fjellturar! Fekk mellom anna med meg Skårasalen, Kolåstinden og to nye for meg - Sylvkallen og Klovtindane. Sjå bileta frå påska 2003 her Påskeferie - sol, varme OG snø! 16.04.2003 Heime på påskeferie og her var det ikkje grenser for godver og fine tilhøve. Må litt opp i fjellsidene for å finne snøen, men det får ein heller tole i bytte mot varmen :) Tre turar så langt, og nokre få bilete finn du i biletegalleriet. Det er til og med mykje snø i Nottane, så ingen grunn til å sitje heime! Tre webkamera frå Ørsta 19.02.2003 Alle dei tre webkamera frå ulike stader i Ørsta er no aktive igjen, og du kan sjå eit glimt av dei her med kopling til originalplassering og eigar av kameraet. Det er Tussa som står for linje og kamera. Sjå også Tussa og Ørsta Skisenter sine heimesider. Saudehornet 03.01.03 i minus 17 06.01.2003 Kaldt var det, men med så fine tilhøve som det var i i sida opp mot Saudehornet på fredag (03.01.03) var kulde fort gløymt. Seks av oss starta like før soloppgang (som jo ikkje er spesielt tidleg no for tida) og kom nedatt like etter solnedgang. Strålande sol og skarp blå himmel, mange kuldegrader, 30-50++ cm puddersnø, praktisk tala vindstille på toppen (når vi kom opp, i alle fall). To i følgjet fekk ikkje nok etter å ha køyrt lange raske svingar ned i skåla, og gjekk opp på Vallahornet igjen på jakt etter endå meir urørt pudder. Sjå bileta frå turen til Saudehornet her Du finn også hundrevis fleire bilete frå Ørsta i biletegalleriet. Haustferie 09.10.2002 Jammen var det ikkje fint ver dei to-tre dagane eg var heimom Ørsta ein tur i helga. Beinkaldt var det, men kom meg ein liten fototur oppi Kvanndalen og Bakketua, og ein fin tur til Skårasalen kledd i nysnø og strålande sol på mandag. Flotte haustfargar og klar fin utsikt i det (is)kalde veret. Sjå bileta her... Jerv i Ørsta? 31.08.2002 Rapportar om jerv i Ørsta. Sjå artikkel i Sunnmørsposten. Sommarferie i Ørsta 10.07.2002 Har vore på ein kort ferie i Ørsta dei siste 10-12 dagane. Var ikkje så mange sjansar til fine fjellturar, så måtte ta det igjen med fine fisketurar. Her er nokre bilete frå ein del av det eg gjorde på desse dagane. Får prøve meg ein tur tilbake på seinsommaren - treff då vonaleg betre med ver og tilhøve. Webkamera stengt for sommaren 13.06.2002 Ser ut som om Tussa har kopla frå kameraet på Bondalseidet (nedre heisstasjon) og i Nottane for sommaren. Kameraet på Helgehornet er framleis oppe, og du kan halde fram og sjå eit utsnitt henta frå kameraet ein gong i timen her på orsta.org :) Klikk på biletet for å kome rett til kameraet, eller gå til Tussa som eig kameraet. Endå eit webkamera frå Tussa 30.03.2002 Kanskje ikkje nytt for alle, men kameraet i Nottane er no tilgjengeleg frå Tussa og/eller(?) Ørsta Skisenter. Glimrande, redda dagen i dag, sidan det var grautskodde under 500 m og perfekt påskever over! God påske! Her er nokre bilete frå påska mi så langt. Vi håpar på fleire dagar som laurdag og tirsdag! Påskeveret Vermelding for Ørsta dei komande dagane (Storm). Legg også merke til nytt bilete over sentrum frå Helgehornet. Fjorden var forresten uvanleg(?) stille den dagen? Biletet er teke 13. mars 2002, og stammar frå webkameraet til Tussa. Ver snill og kjøp kraft med dei, sidan dei er snille og gir oss utsyn over Ørsta gratis :) Woo med suksess på by:larm "Bergensbandet" Woo, som dei vert kalla, haustar gode kritikkar frå NRK sine Bylarm-sider på http://www.nrk.no/bylarm/. Faktisk hovudsaka :) Høyr berre på journalisten frå NRK: "Woo ga publikum fullt øs og skyllet over dem med gitarfuzzskingrevokalrock nesten helt fra første låt. Bergensbandet åpnet fredagskvelden på Vaskeriet og gjorde mange mye gladere." Uncle's Institution gjorde det også bra, og NRK har til og med lagt ut klipp frå NRK Petre med juryen si vurdering av Egil Olsen og bandet hans Webkamera på Helgehornet (05.02.2002) Tussa har sett opp webkamera på Helgehornet, så no kan alle vi utflytta ørstingane også få sjå tilhøva "live" frå både Bondalseidet og Ørstafjorden. Bileta under er oppdaterte kopiar som vert oppdatert ein gong i timen. Du kan klikke på bileta for å sjå siste tilgjengelege bilete rett frå kameraet. Tussa Ørsta Skisenter GOD JUL (24.12.2001) Julesnø på Vatne Meir julesnø Juletre og julesnø Julerock med Woo på Ørsta Kulturhus (24.12.2001) Rockeklubben i Ørsta dreg i gong eit storarrangement i jula. Laurdag 29. desember vert for første gong arrangert julerock i flatsalen i Ørsta Kulturhus og Rockeklubben i Ørsta håpar på å kunne gjere julerocken til ein årleg tradisjon. Les meir
|
|
||||||||||||||||
|
|