![]() |
|
|
Velkomen Sida er oppdatert Obligatoriske bøker! ![]() ![]() |
Ørsta - i hjartet av Sunnmørsalpane
Ørsta kommune ligg sentralt på Sunnmøre i hjartet av Sunnmørsalpane. Innan ei luftline på fem mil finn vi Ålesund, Trollstigen, Geiranger, Nordfjord, Stadt og Runde. Kommunen har eit allsidig næringsliv med jordbruk og fiske, eit variert industrimiljø med møbel-, stål- og næringsmiddelindustri som dei viktigaste næringane. Ørsta er den største landkommunen i Møre og Romsdal. I seinare tid er turisme også blitt eit vesentleg område. "Golden Route" er eit kjent omgrep, og frå Hellesylt kan ein reise gjennom den ville og vakre Norangsdalen til Hjørund-fjorden. Ørsta ligg sentralt i høve overordna kommunikasjons-nett med flyplass, riksveg 1/kyststamveg. Etterkvart kjem Eiksundsambandet til Ulstein og skipsindustrien, og Kvivsvegen som framtidig kyststamveg til Stryn og vidare på E-6 til Austlandet. Ørsta vil vere ei sentral lokalisering for mange vekstnæringar. RegionsenterSaman med Volda utgjer kommunen eit regionsenter med nærare 20 000 innbyggjarar. Volda er største skulestaden i regionen med m.a. høgskule. Ørsta har vidaregåande skule med m.a.yrkesfagleg studieretning og folkehøgskule. I Volda ligg også Fylkessjukehuset berre 10 km unna Ørsta sentrum. Ørsta/Volda lufthamn ligg 5 min. frå sentrum, og hamneterminal med djupvasskai og direkte ruter til inn- og utland. Busstransporten er stadig under utvikling med ruter til Trondheim, Bergen og Oslo. Kommunen har ei viktig oppgåve i å forvalte arealressursane på ein tenleg måte. Næringsutviklinga er avhengig av gode næringstomter, av eit tenleg infrastrukturnett, av godt vatn og av gode levekår knytt til mange område. Kommunen har som mål å forvalte arealressursane på ein framtidsretta måte basert på ei bærekraftig utvikling. Gjennom kommunen sitt planarbeid freistar ein å legge tilrette for areal til dei ymse bruksføremåla. Kommunen arbeider for å ha ledige bustad- og næringstomter til ei kvar tid. NæringsutviklingFrå gammalt av var Ørsta, Hjørundfjord og Vartdal bonde- og fiskarbygder. Kommunene vart slegne saman til ein storkommune i 1964. Som ei av dei første bygdene på Sunnmøre fekk Ørsta meieri i 1889. Desse næringane saman med kraftutbygging skapte etterkvart grunnlag for handel og industrireising, og Ørsta har utvikla seg som ein viktig industrikommune på Sunnmøre. Næringslivet er i dag breidt samansett, men tyngda ligg innan møbel-, metallbearbeiding og næringsmiddelindustri. Primærnæringane landbruk og fiske er også svært viktige næringsvegar. I kommunen har vi eit breidt spekter av tenesteyting både innan privat og offentleg sektor. Kommunen har som mål å medvirke til utvikling av næringslivet gjennom å:
Kommunen har ca 75 da ledig næringsareal. Sunnmøre Meieri si avdeling i Ørsta er den største bedrifta innan næringsmiddelindustri, og tilgang på vatn med svært god kvalitet er ein føremun for vidare utvikling av nærings-middelverksemder i kommunen. Kommunen har også i lang tid vore ein viktig fiskerikommune med ein heller stor havfiskeflåte, og vi har stor produksjon av oppdrettslaks. Reiselivet er under sterk utvikling i Ørsta. Naturbaserte reiselivsprodukt vil verte ei enno viktigare næringsgrein i framtida, og Ørsta har store ressursar på dette feltet. For 100 år sidan var Hjørundfjor-den større enn Geiranger som turistmål. Ørsta reiselivslag vil i samarbeid med andre lag i regionen kunne bidra til ein ny renessanse for ein region med mange og varierte kvalitetar å tilby. Innan kommunen kan Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden tilby turmulegheiter for alle grupper, gode fiskemulegheiter både i fjord, elv og vatn, og kommunen har tre hotell. Mellom desse det berømte historiske hotellet Hotel Union Øye. Innanfor korte reise-avstandar kan ein nå andre attraksjonar i Nordfjord, Geiranger, og t.d. Runde. KulturØrsta er ein aktiv kulturkommune med stor breidde i tiltak og tilbod. Det er såleis høve til både å utvikle eigne ressursar og til å delta i eit pulserande kulturliv. Det finst kring 350 lag og foreiningar i kommunen eller som felleslag med Volda. Det er kring 40 forsamlingshus i kommunen. Her veks kulturtilboda. Ørsta Samfunnshus er regionalt kulturbygg, der Ørsta kino har god amfisal og heilt moderne lydanlegg. Filmtilbodet er nær opp til noregspremierane. Bondalseidet Ski- og Fri-luftssenter har fleire skitrekk og stolheis for ulike aktivite-tar heile året. På Ørsta stadion er det kunststoffdekke for friidrett, og det er seks grasbaner for fotball i kommunen. Det vert arbeidd med planar om ny idrettshall og hestesportanlegg. Det er kor og korps i mest alle bygdene i kommunen. Andre musikkaktivitetar er også i vekst. Tilboda i musikkskulen styrkjer det heile. Ei rad amatørteater- og revygrupper har framsynin-gar med høge besøkstal. Nynorsken si vogge stod i Ørsta. Her vart Ivar Aasen fødd. Livsverket hans er grunnlaget for skipinga av eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur, Ivar Aasen senteret, som skal stå ferdig i Hovdebygda i 1998. Dei Nynorske Festspela vert haldne her kvar haust. Ørsta har felles kulturmarknad med Volda kommune. Ei rad tilbod og tiltak går saman til eit kulturelt mangfald med mange aktørar. Regionen har rike kultur-tradisjonar, og i mange høve er dei nære tilboda like verdfulle som kulturformidlinga utanfrå. Ein god stad å buKommunen har starta med å ruste opp tettstaden, og dette har byrja å gje resultat i eit trivelegare sentrum. Det har også vore satsa mykje på å legge tilrette for nye bustadfelt, og kommunen har i mange år hatt høg aktivitet med husbygging. No har kommunen omlag 100 ledige bustadtomter å tilby. Store deler av kommunen består av fjell og tindar, og dalføra og dei smale stripene langs stranda er i stor grad dominerte av kulturlandskapet med jordbruk og skogbruk som viktige næringsvegar. Ørsta sentrum ligg også vakkert til i botnen av Ørstafjorden og med Saudehornet (1303moh) som eitt av sine næraste fjell. Kommunen har fleire lakseelvar, som har vore rekna mellom dei beste smålakseelvane i landet. For den fiskeinteresserte er det også rikt høve til både innlandsfiske og sjøfiske. På fine sommardagar finn ein fleire badeplassar både i vatn og sjø, og kommunen er ein av fylket sine største når det gjeld hjortejakt. Stadig fleire vert også merksame på det særmerkte tinde-landskapet i kommunen. Dette alpine fjellområdet med eit uttal av toppar og tindar kan gje varierte opplevingar både når det gjeld fjellvandring, klatring, på bre og på ski. Mange av toppane er likevel lette å bestige, og for den jamne turgåar og familien, er det rike turmuleghei-ter i dei mange fjelldalane der utsikta til dei imponerande tindane gjev turopplevinga ein ekstra dimensjon. I skisesongen er Bondalseidet ski- og friluftssenter eit attraktivt tilbod både for kommunen sine eigne innbyggjarar, og for mange frå nabokommunane. Velkomen til Ørsta! Kjelde: http://www.firmanett.no/_Kommuner/1520_orsta.html
|
|
||||||||||||||||
|
|