Ørsta på nettet    

 
 Framside  Informasjon  Kalender  Reiseliv  Bilete  Historie
 Om...  Ørstingar  Næringsliv  Skular & lag  Røysting  English

 

Velkomen
10.05.08 04:58

Sida er oppdatert
23.10.05 14:28

Finn ørsting
Utvida søk




Obligatoriske bøker!



 

Julerock med Woo på Ørsta Kulturhus

Rockeklubben i Ørsta dreg i gong eit storarrangement i jula. Laurdag 29. desember vert for første gong arrangert julerock i flatsalen i Ørsta Kulturhus og Rockeklubben i Ørsta håpar på å kunne gjere julerocken til ein årleg tradisjon. Til arrangementet har Rockeklubben i Ørsta fått skjenkeløyve. Forsalget til julerocken startar allereie 15. desember på Scene1 i Ørsta og Volda så her gjeld det å vere tidleg ute .Dette vert årets siste arrangement for Rockeklubben i Ørsta men arbeidet med vårprogrammet er i gang så det ventar mykje godt for rockarane i Ørsta og Volda på nyåret.

I løpet av dei første månadane av 2001 blir det også eit årsmøte for medlemmane i rockeklubben, der det blandt anna vert valg på nokre av verva i styret. Dette gjer det mogleg for interesserte rockarar å vere med på å stake ut kursen til Rockeklubben i Ørsta vidare.

Men aller først på programmet står julerocken 2001. Frå sin tilværelse i eksil i Bergen kjem ørstabandet WOO endeleg tilbake. Dette har vi venta på eit heilt år. Forrige gong dei spelte i Ørsta var i romjula i fjor og då var pågangen av folk så stor at mange slapp ikkje inn på arrangementet. Dette har Rockeklubben i Ørsta no tatt konsekvensen av og stiller med flatsalen i Ørsta Kulturhus slik at flest mogleg interesserte kan kome å få oppleve WOO spele. Og dette kjem til å verte ei unik oppleving, for WOO vil halde ein to timar lang konsert der dei i tillegg til sitt gamle repertoar presenterer nytt låtmateriale frå si komande EP, "The Dead Unborn".

WOO er eit band med brei erfaring og Stig Sandbakk (vokal), Geir Sætre (gitar), Audun Havåg (bass) og Geir Arne Ose (trommer) har spelt ilag i 5-6 år allereie. Etter dei flytta til Bergen har dei spelt på dei fleste rockescenene byen har å by på. WOO vann Zoom i Bergen og blei sendt på turne og fekk vist seg fram for eit stort publikum. I sommar spelte dei på Norwegian Wood i Oslo og fekk strålande kritikkar både i pressa og blandt publikum. No vert dei altså å treffe på Ørsta Kulturhus i Rockeklubben Ørsta sin regi, laurdag 29. desember.

 

   

   
 Framside  Informasjon  Kalender  Reiseliv  Bilete  Historie
 Om...  Ørstingar  Næringsliv  Skular & lag  Røysting  English

   
   

Per-Stian Vatne © 1995-2006
http://www.orsta.org